Yoga Practice

Augusttilbod medlemskap

Få 1 mnd gratis!

OM YOGANO

 

Yogano er eit lavterskel yogastudio i Ulsteinvik som tilbyr kvalitetsyoga med sertifiserte yogaIærarar. Yogano vart etablert som Bygdeyoga i 2014 og opna sommaren 2017 som Yogano i Bjørndalsvegen i Ulsteinvik sentrum.

 

Namnet Yogano speilar at essensen i Yoga handlar om å finne tilstadeverelse og at yoga er eit verkty til å finne no. Å vere tilstade her og no er ei utfordring for mange menneske i det moderne samfunn. Yogapraksis hjelper oss å finne ro og tilstadeverelse gjennom fysiske øvingar, pust og meditasjon.

Det finnast mange yogaformer, og Yogano har eit breitt spekter av opne timar og kurs slik du kan finne ei yogaform som passar for deg. Yogano tilbyr rolege timar som Medisinsk Yoga og Yin Yoga og meir dynamiske og fysiske timar som Flyt-yoga, Ashtanga yoga og slyngeyoga. Vi tilbyr også pilates.

 

Vi ønskjer å tilby ei varm og inkluderande atmosfære som er innbydande for alle typer menneske. Vi håper å sjå deg på yogamatta saman med oss. Velkomen!

 
 

KURS OG TIMAR

Klikk på foto for timebeskrivelse
Mjuk yoga
Mjuk yoga er ein roleg yogatime som passar for alle. Enkle og tilgjengelige øvingar i flyt med fokus på strekk og avspenning. Kurs/drop-in
Flyt 1
Flyt 1 er ein dynamisk yogatime der øvingane er sett saman i sekvensar. Timen har fokus på samhandling mellom pust og bevegelse og ein praktiserer til musikk. Vi praktiserer øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Timen blir alltid avslutta med avspenning (Savasana). Kurs/Drop-in.
Flyt 1/2
Flyt 1/2 er ein dynamisk yogatime der øvingane er sett saman i sekvensar. Denne timen er meir utfordrande enn flyt 1 og andre utfordrande enn flyt 2. Timen har fokus på samhandling mellom pust og bevegelse og ein praktiserer til musikk. Vi praktiserer øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Timen blir alltid avslutta med avspenning (Savasana). Kurs/Drop-in.
Flyt 2
Flyt 2 er ein dynamisk time for dei som er meir erfarne og som ønskjer ein meir fysisk krevjande time med høgare tempo og meir avanserte øvingar. Vi praktiserer øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse og det er alltid element av inversjonar (opp-ned-posisjonar) i timen. Timen blir alltid avslutta med avspenning (Savasana). Kurs/drop-in.
Ashtanga leda
Astanga yoga er yoga som blir praktisert etter ein fast serie av øvingar. Astanga passar både for nybyrjarar og meir vidarekomne og er ei fysisk og dynamisk yogaform som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Ein kan tilpasse intensiteten og vanskelegheitsgrad av timen. Halv serie (ikkje alle øvingane i serien). Drop-in, 1 time og 15 minutt.
Ashtanga Leda/Mysore
Ashtanga leda/Mysore er ein Ashtangatime der klassen er leda fram til Navasana (båten), deretter får ein individuell rettleiing alt etter kor langt ein er komen i serien. Denne siste delen gjer ein i sitt eige tempo med rettleiing og individuell hjelp av yogalæraren. Timen passar for alle og det er ein kjempefin måte å bli trygg i eigen praksis og få individuelle tilpassingar. Kurs/drop-in.
Yin
Yin yoga er ei svært roleg yogaform der vi jobbar djupt inn i bindevevet ved å halde liggande og sittande øvingar over tid. Vi nyttar ullmatter, bolsterputer, klossar og tepper for å gjere det mest mogleg behageleg for den enkelte. Yin kan gi djup ro og kan hjelpe deg til betre søvn og redusere stress. Timen blir alltid avslutta med avspenning (Savasana). Drop-in. 1 time.
Medisinsk yoga
Medisinsk Yoga er ei mjuk og roleg yogaform med fokus på pust, meditasjon og rolege øvingar for rygg, nakke og skuldre. Medisinsk yoga eit kurs som kan passe godt for dei med fysisk og psykiske utfordringar men også dei som berre ønskjer betre pust, lære meditasjon, løyse opp og finne ro. Vi nyttar ullmatter og yogautstyr for å tilpasse øvingane og gjere dei så komfortable for den enkelte som mogleg. Kurs.
Slyngeyoga
Dette er ei yogaform der øvingane blir gjort hengande i ei slynge eller som hjelpemiddel til yogaøvingane. Vi styrker og strekkjer kroppen og utfordrar balanse og koordinasjon. Vi er ein del opp ned, så vi anbefaler at dei som deltek har erfaring fra yogaslynge eller har god kroppsforståing og kroppsbeherskelse. Kurs/drop-in.
Nybyrjarkurs
Nybyrjarkurset gir deg ei god innføring i enkel fysisk yoga og pust. Kurset gir deg eit godt grunnlag til å fortsette på andre kurs. Kurset har fokus på samband mellom pust og bevegelse og ein prakstiserer øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Timen blir alltid avslutta med avspenning (Savasana). Kurs.
Vis mer

KONTAKT OSS

Tilkomst:

Yogano ligg like ved busshaldeplassen og har godt med parkeringsplassar. 

Adresse:

Bjørndalsvegen 15 A

6065 Ulsteinvik

Telefon:

47386097

YOGALÆRARAR

Linn Urke Osnes

DRIVAR/YOGALÆRAR

 

Linn er utdanna yogalærar frå Yogaworks og er også sertifisert i Yin Yoga, yogaslynge og mindfulness. Med bakgrunn som dansar, er flyt-yoga ein stil ho trivast svært godt med då øvingane er sett saman i sekvensar og flyt inn i kvarandre. Musikk er ei stor inspirasjonskjelde både i eigen praksis og når ho underviser. Linn vil sjå den enkelte og tilpasse øvingane slik alle kan kjenne meistring og glede i yogatimane samstundes som det skal vere utfordrande og gøy! Linn underviser Flyt og Yin.

Linn Urke

YOGALÆRAR

 

Fysisk aktivitet har alltid vore ein stor del av livet til Linn som har lang erfaring som turnar og turntrenar. Fysisk aktivitet har gitt stor glede i livet, men bevegelse fekk ei ny betyding  etter fyrste møte med yoga på Bygdeyoga. Linn praktiserer yoga for å stresse ned i ein travel kvardag og spesielt det heilheitlege fokuset mellom kropp og sinn som ein opplever i yoga er viktig. Med sin turnbakgrunn er Linn sjølvsagt spesielt glad i alle opp ned posisjonar og utfordrande øvingar. Linn er for tida i utdanning til å bli sertifisert yogalærar gjennom HiYoga. Linn underviser Ashtanga Yoga.

Margaret Bjerkvik

YOGALÆRAR

 

Margaret vart kjend med yoga for omlag 9 år sidan og oppdaga tidleg at Yoga har ein positiv effekt på kroppen både fysisk, mentalt og emosjonelt. Som sjukepleiar valde ho å utdanne seg til instruktør i Medisinsk Yoga gjennom MediYoga Norge, for å kunne formidle denne effekten til andre. Margaret er også sertifisert yogalærar i Yin yoga. Margaret underviser Medisinsk yoga og Yin yoga.

Hildegunn Welle

YOGALÆRAR

 

Hildegunn Welle er utdanna og sertifisert Ashtanga yogalærar hos R. Alexander Medin. Han er ein av dei få sertifiserte av Pattabhi Jois som grunnla Ashtanga Yogaen slik vi kjenner den i dag. Medin er ein stor inspirasjon for Hildegunn og gitt innblikk i rota av yogafilosofien frå India. Yoga har vorte ein viktig del av kvardagen hennar – ikkje berre den reint fysiske praksisen, men også korleis ein kan dra nytte av yogaen elles i kvardagen. Hildegunn underviser Ashtanga.

Kathrine Kriken Garnes

YOGALÆRAR

 

Kathrine vart først introdusert for yoga gjennom Hadar yoga i Ulsteinvik i 2009. Etter at Bygdeyoga vart oppretta har ho også delteke på mange timar med Linn Urke Osnes. Sommaren 2015 tok Kathrine yogalærarutdanning ved Shiva Yoga Peeth i Rishikesh, India. Tidlegare har Kathrine vore trenar i Rytmisk Gymnastikk, og har også fleire trenarkurs innanfor dette området. Kathrine er oppteken av at yoga skal vere for alle. Kathrine underviser på nybyrjararkurset.

Inger Kristine Havåg

YOGALÆRAR

 

Inger Kristine er lidenskapelig opptatt av yoga, både i kvardagen og som lærar. Dette ønsker ho å vidareformidle i sine timar. Ho er utdanna i Hatha yoga, Ashtanga Yoga og reiser også jevnlig til Mysore i India for å fordjupe seg i yogapraksisen, Ho underviser i vniyasa, yin og ashtanga. I timane til Inger Kristine blir øvelsane lagt opp til både enkeltindividet og gruppa. Inger Kristine håper at du vil føle ei god kjensle i kropp og sinn etter timane hennar. Inger Kristine underviser Flyt, Ashtanga og Mjuk yoga.

 

 

 

 
 

© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com

Medisinsk yoga

Medisinsk Yoga er ei mjuk og roleg yogaform med fokus på pust, meditasjon og rolege øvingar for rygg, nakke og skuldre. Medisinsk yoga eit kurs som kan passe godt for dei med fysisk og psykiske utfordringar men også dei som berre ønskjer betre pust, lære meditasjon, løyse opp og finne ro. Vi nyttar ullmatter og yogautstyr for å tilpasse øvingane og gjere dei så komfortable for den enkelte som mogleg. Kurs.