© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com

Kjøp av pass

Du kan velge mellom ulike måtar å delta og betale for timar og kurs.

 

Kurs

Vi tilbyr ulike kurs der ein deltek i ei fast gruppe som saman følger progresjon og utvikling. Sjå oversikt under for kurs som er tilgjengelig no. Går du glipp av ein eller fleire av kursdagene grunna sjukdom eller anna kan du booke av timen og ta att timen ved å booke ein av dei andre timane på timeplanen innanfor kursperioden. Er det ledig plass på kurset, kan ein booke enkelttimar med medlemskap eller drop-in billett. 

 

Klippekort

Ein kan nytte gyldige klippekort fra 2019 og booke enkelttimar.

 

Abonnement

Abonnement løner seg for dei som går på yoga meir enn ein gong per veke. Eit abonnement kostar kr 895 per mnd og har ei bindingstid på 6 mnd. Du kan nytte abonnementet fritt på alle timane og får også gode tilbod på mange workshops. Medlemmer får også moglegheit til å velje tre kurs som ein ønskjer fast booking på. Vi har også rabattert medlemskap UNG/Økonomi kr 595 (sjå nærare beskrivelse på passbeskrivelse under).

 

Drop-in

Om du berre vil teste yoga og tilbodet, eller er på besøk i området, kan du kjøpe Drop-in. Drop in kostar kroner 220 per klasse og er gyldig på valfri time på timeplanen. Billetten varer i ei veke frå kjøpsdato. Merk at Ashtanga laurdagar har eigen drop-in pris, kr 170 (Betaling via Vipps på staden).

 

 

All betaling blir gjort på nettsida og det er ikkje mogleg å betale for kurs eller medlemskap i studio. For drop-in enkelttime, kan du betale via Vipps om du ikkje har fått gjort det på nettsida. Ta kontakt med oss om du er usikker.

Bookingrettleiar

  • Booking av timar kan kun gjerast på nett, ikkje over telefon eller epost. 

  • Når timane er fulle vil bookingar bli sett på venteliste. Du får beskjed på e-post om du får plass på timen.

  • Du kan møte opp utan å ha booka time, men vi kan ikkje garantere plass.

  • Du må ha eit gyldig medlemskap, kurs eller drop-in billett for å kunne sjekke inn på timen. Innsjekk forgår i resepsjonen der yogalæraren hakar deg av lista. Du kan også betale drop-in via Vipps.

  • Avmeldingar av klasser er gratis, og må gjørast seinast 12 timar før klassen startar, elles vil eit gebyr på kr 100 bli belasta om du er medlem, du mister timen om du er med på kurs eller du blir trekt drop-in pris om du ikke has gyldig pass. Avmeldingar SKAL skje via lenkje i e-posten du fekk når du melde deg på timen eller påminnings-eposten ikkje via telefon, SMS, Facebook og Messenger. Blir du brått sjuk, ta kontakt med oss på 47386097, så kansellerer vi timen for deg.

  • Har du ikkje sjekka inn seinast 5 minutt før timen startar så vil plassen gå til ein som eventuelt står på vent i studio.

  • For di sikkerheit og andre sin trivsel slepp vi ikkje inn dei som ikkje kjem til rett tid.

  • Er det mindre enn fire påmelde til timen, blir timen avlyst. Det blir gitt beskjed om dette til dei påmelde per sms.

  • Vi opnar yogastudio seinast 15 minutt før timen startar.

APP for booking på telefon

1) Opne nettlesaren på telefonen din og gå til: https://app.punchpass.net/org/3368/classes

 

 

2) På iPhonar/iPadar klikk på pila på botnen av skjermen. Sjå skjermdump under. På Android telefonar klikk på dei tre vertikale prikkane oppe i høgre hjørne.

 

 3) Velg "legg til på Hjem-skjerm". Og det er det! Då har du eit nytt blått ikon på skjermen din som heiter Punchpass. Her kan du booke timar når som helst, så lenge du har nettilgong.