Yoga og ferietid


Ferien er rett rundt hjørnet og mange har allerie starta sommarferien, meg inkludert. Ferietid er kos med lange dagar, kvalitetstid med dei vi er glade i, is, god mat og drikke, bading, boklesing og anna som høyrer sommaren til. For meg er det viktig å kunne sette kvardagen på pause og ha tid til å berre vere og kjenne at tida berre flyt utan å skulle rekke noko.

På tross av feriemodus har eg behov for å praktisere yoga, både når eg er heime på ferie og ute på reise. Er eg ute og reiser, prøver eg alltid å oppsøke eit lokalt yogastudio, sjølv om eg ikkje veit kva eg går til eller forstår språket. Det er som regel alltid ei positiv oppleving og eg har truffe mange inspirerande menneske, vener og yogalærarar på denne måten.

Eg er for tida veldig priviligert då eg er på ferie med familien hos svigerfar i Spania. Her i Marbella besøkjer eg kvar sommar eit yogastudio "Radiant Yoga Marbella" som har mange fine yogatimar å velje mellom. Google er fantastisk i jakta på yoga, og etter eg fann ut at yogastudioet ligg ein 5 minutts sykkeltur frå huset, har det blitt mange turar dit. Elles har eg ein eigenpraksis som eg kan ta med meg kvar som helst, men eg har forståing for at ikkje alle synes det er like lett å berre sette i gong på eiga hand. Då er det mykje bra hjelp å hente på nett, både betalings- og gratissider. Eg nyttar sjølv onlineyoga.no når eg treng at nokon skal guide meg gjennom praksisen og treng litt inspirasjon og drahjelp.

Eg har filma ein liten snutt frå eigen praksis i kveld som de kan ta med på ferie om de vil. Flytsekvensen er ein allround flyt der eg går gjennom store delar av kroppen og utfordrar både styrke, fleksibilietet og balanse. I denne flyten var fokuset flyten mellom øvingane og prøve å vere mindful og tilstade i kvar enkelt bevegelse. Ein kan med fordel gjere flyten mykje rolegare enn vist og ein kan halde kvar enkelt posisjon over lengre tid (gjerne fem pust). Håper flyten kan vere til inspirasjon i ferien din! Fleire videoar kjem.

Ta livet med ro i sommar, men nyt gjerne litt yoga i ny og ne! Det gjer så utruleg godt!

Frå favorittplassen min i yogastudio i Marbella, ved det vakre veggmaleriet av Ganesha.

Featured Posts
Recent Posts

© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com