© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com

Kvifor praktisere Yin yoga?

July 20, 2017

Kvardagslivet har ofte ein fullspekka timeplan og det kan vere utfordrande og finne tid til trening og ting som gjer oss godt. Ikkje minst kan det vere vanskeleg å prioritere stillheit når det er tusen ting ein skulle ha gjort.

 

Eg kjenner ofte at tida ikkje strekk til og det kan vere utfordrande å finne vegen til yogamatta når kvelden kjem. Eg har ein veldig fysisk praksis, men eg har med tida blitt flinkare å tenkje at yoga ikkje skal vere enda ein ting eg må få inn i timeplanen. Likevel ønskjer eg å prioritere yoga då det gjer med glad og eg alltid kjenner meg betre etter ein yogapraksis.

 

Eg har dei siste åra også blitt meir bevisst på kva type yoga eg har behov for. Kjenner eg at eg ikkje har energi og entusiasme til ein fysisk praksis, vel eg heller ei økt med Yin. Det er heller ikkje slik at ein må praktisere ein time eller meir for å ha glede av og utbytte av yoga.

 

Yin har blitt viktig for meg for å lade opp og gi tilbake til kropp og sinn. Yin er ein stille og introvert praksis som hjelper oss å rette fokus inn. Vi gir tid til å bli betre kjend med oss sjølve og akseptere det som vi finn. Dette høyrer kanskje fryktelig egoistisk ut, men slik eg opplever det, har det at ein blir betre kjend med seg sjølv ein effekt på sjølvkjensle som igjen reflekterer korleis du forheld deg til dei som er rundt deg… i positiv forstand.

 

På overflata kan Yin verke lite underhaldande og kanskje kjedelig, men om du greier å rette fokus inn vil du oppdage nokre veldig fasinerande opplevingar. Her er eksempel på effektar av Yin som eg synes er verdt å trekkje fram.

 

Yin praksis kan hjelpe deg å bli meir bevegelig

I Yin jobbar vi med å strekke bindevevet ved å mildt halde enkle strekkeøvingar over tid utan å jobbe muskulært. Tida er intensiteten. Denne djupe men skånsame måten å strekke bindevevet på gjer at vi får betre mobilitet og bevegeligheit.

 

Yin gir oss ei unik moglegheit til å vere takksame for kroppen vår

Enkelheita med Yin-praksisen gir oss anledning å til å oservere kor fantastisk kroppen er. Når vi gjer djupdykk inn oss sjølve og observerer sambandet mellom pusten, sirkulasjonssystemet, indre organ, og musklar og ledd, aukar vår eiga bevisstheit og det kan gjere oss meir fornøgde med oss sjølve (Santosha i yogafilosofi).

 

Yin praksisen tvingar oss til å roe ned

I Yin yoga opplever du stillheit då kvar enkelt posisjon blir holdt I lengre tid og det er ikkje så mange instruksjonar som du ells vil oppleve I andre former for yoga. Når du gir deg sjølv anledning til å vere tilstade i deg sjølv og oppleve dei subtile endringane som skjer medan du held posisjonen, kan du oppleve at tida forsvinn og du finn djup ro i deg sjølv.

 

Yin yoga lærer deg å vere glad i deg sjølv

Å ha kjennskap til alle delar av oss sjølve (fysisk, mentalt, emosjonelt og åndelig er viktig for velvære. Yin gir oss moglegheit til å observere, gi næring til, lindre og roe oss sjølve. Når vi varsomt og med tilstadeverelse går inn i ein posisjon og lyttar til dei behova som er der, fungerer det som eigenpleie og vi lærer å bli meir tolerante og forståelsesfulle ovanfor oss sjølve.

 

Å bli kjend med eigne kjensler

Kroppane våre lagrar følelsar og emosjonar, og det er ikkje uvanleg at kjensler som ligg i oss men som ikkje elles får kome til overflata, viser seg i ein Yin praksis. I slike verdifulle øyeblikk, kan vi bli betre kjend med kven vi eigentleg er.  

 

Yin yoga kan hjelpe oss å takle stress betre

Når vi held ein posisjon over tid, kan dette trigge kjesler av stress og uro, men med ei skånsom og mindful tilnærming, venner kroppen seg til utfordringa og gir etter litt etter litt. Dette kan ha overføringverdi til når vi møter stress i kvardagen, og hjelpe oss å gi slepp på situasjonar som vi ikkje likevel kan kontrollere. Yin kan lære oss å tilpasse oss opp- og nedturar i livet ved å akseptere det some er og forholde oss til situasjonen med større ro og mindre stress.  

 

Yin yoga lærer oss å lettare kunne komme inn i parasympatisk modus

God og djup pust ned i magen er eit kraftfullt verktøy for å kome i kontakt med det parasympatiske nervesystemet som er den delen av nervesystemet som roer oss ned. Når du jobbar djupare inn i Yin praksisen, roar pusten seg meir og meir og du aktiverer det parasympatiske nervesytemet og kjem I kvilemodus. Då får også indre organ tid og rom til å fungere optimalt (forbrenne, reparere, skille ut avfallsstoff etc).

 

Stillheita i Yin gjer oss klare for meditasjon

Meditasjon er ikkje nødvendigvis noko du finn, nokre gongar finn meditasjonen deg. Yin yoga førbur oss for meditasjon og kan føre oss til eit meditativt stille utan at vi prøver. Når vi legg til rette for fysisk stillheit, blir også forholda for å finne ro i hovudet mykje betre. 

 

Yin yoga aukar balansen

Helse og velvære er ein balansekunst. Om du ser på Yin/Yang-symbolet, ser du at det kvite og det svarte er i perfekt balanse. Mange av oss lever veldig aktive liv (yang) og gir lite plass til stillheit og å sjå innover. Dette kan etterkvart vere fysisk, mentallt og kjenslemessig tappande. Gjennom Yin praksisen kan vi etablere ein betre balanse mellom Yin og Yang.

 

Eit forøk på å beskrive med ord, men det beste er sjølvsagt å prøve og erfare Yin. Grip sjansen og test ut denne nydelige forma for yoga. Nytt kurs startar 16. august og det er nokre få plassar igjen på kurset. Sjå her for informasjon og påmelding: https://www.bygdeyoga.no/prisar-og-medlemskap

Yogano har også Yin som drop in.

 

Velkomen til Yin!

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Featured Posts

Nye kurs og nye rutiner frå 13. januar 2020

November 17, 2019

1/3
Please reload

Recent Posts

February 24, 2019

August 2, 2018

Please reload