Nye haustkurs opne for påmelding

September 13, 2017

Har du lyst til å starte med yoga, eller fortsette på favorittkurset ditt, er det no open påmelding til Yoga Mann, Nybyrjarkurs, Medisinsk yoga og Yin Yoga.

 

Alle kursa har 9 kurskveldar og kostar kroner 1500.

 

Yoga Mann - Yoga mann er eit kurs berre for menn. Det betyr ikkje at menn ikkje kan gå på alle dei andre timane og kursa, men dette kurset er retta mot dei som ønskjer å bli kjend med og praktisere yoga saman med andre menn. Kurset gir ei innføring i Ashtanga yoga, ei fast serie med øvingar som kan tilpassast ulike nivå. Kurset passar difor både til dei som har praktisert yoga tidlegare og dei som er heilt nye. Øvingane gir styrke, fleksibilitet og balanse og har fokus på sambandet mellom bevegelsen og pusten.  Timen blir alltid avslutta med avspenning (Savasana). Kurs a 9 kurskveldar a 1 time.  Oppstart mandag 16. oktober 1730-1830. Linn Urke er lærar på kurset.

 

Nybyrjarkurs - Nybyrjarkurset gir deg ei god innføring i enkel fysisk yoga og pust. Kurset gir deg eit godt grunnlag til å fortsette på mange av dei opne timane. Kurset har fokus på samband mellom pust og bevegelse og ein prakstiserer øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Timen blir alltid avslutta med avspenning (Savasana). Kurs a 9 kurskveldar a 1 time. Oppstart tysdag 17. oktober klokka 1845-1945. Inger Kristine Havåg er lærar på kurset.

 

Medisinsk Yoga - Medisinsk Yoga er ei mjuk og roleg yogaform med fokus på pust, meditasjon og rolege øvingar for rygg, nakke og skuldre. Medisinsk yoga eit kurs som kan passe godt for dei med fysisk og psykiske utfordringar men også dei som berre ønskjer betre pust, lære meditasjon, løyse opp og finne ro. Vi nyttar ullmatter og yogautstyr for å tilpasse øvingane og gjere dei så komfortable for den enkelte som mogleg. Medisinsk yoga blir undervist av sjukepleiar Margaret Bjerkvik. Kurs a 9 kurskveldar a 1 time. Oppstart onsdag 18. oktober 1915-2015. 

 

Yin Yoga - Yin yoga er ei svært roleg yogaform der vi jobbar djupt inn i bindevevet ved å halde liggande og sittande øvingar over tid. Vi nyttar ullmatter, bolsterputer, klossar og tepper for å gjere det mest mogleg behageleg for den enkelte. Yin kan gi djup ro og kan hjelpe deg til betre søvn og redusere stress. Timen blir alltid avslutta med avspenning (Savasana). Kurs a 9 kurskveldar a 1 time. Oppstart onsdag 18. oktober 2030-2130. Margaret Bjerkvik er lærar på kurset.

 

 

 

 

 

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Featured Posts

Nye kurs og nye rutiner frå 13. januar 2020

November 17, 2019

1/3
Please reload

Recent Posts

February 24, 2019

August 2, 2018

Please reload

© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com