Yang/Yin med Gry Hansen!

Vi er så heldige at vi får besøk av dyktige Gry Hansen, laurdag 11. november!

Gry er 48 år og kjem frå Oslo. Ho har 17 år erfaring med yoga og driv eige yogastudio på Stadlandet. Ho er tidlegare noregsmeister i turn og sju gongar noregsmeisterr i klatring. Gry guider og inspirerer med ein heilt spesiell evne til å sjå den enkelte. Ho er meir som ein magikar når det gjeld å gi individuelle instruksjonar med berøring! Ho vil undervise ei økt med dynamisk fysisk yoga og ei økt med roleg Yin yoga.

Ho vil ha fokus på korleis puste, korleis kjenne etter og guide seg sjølv. Korleis få yoga til å virke for deg. Bli stødig i eigen praksis. Ho vil også legge vekt på ein oppvarmingssekvens som er essensielt for eit godt liv!

Plan for dagen:

11.00-13.00 - Dynamisk yoga (workshop)

13.00-13.30 - Lunsj med samtale om det vi har lært

13.30-15.30 - Yin yoga (workshop)

Pris kr 700 (kr 350 for Yogano Medlem, dei med abonnement. Dei med abonnement melder seg på via e-post og får faktura).

Påmelding: https://www.bygdeyoga.no/prisar-og-medlemskap

Velkomen!

Featured Posts
Recent Posts

© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com