UNG/Økonomi

Vi ønskjer at yoga skal vere tilgjengeleg for flest mogleg, og har forståing for at mange ikkje kan ta seg råd til yogatimer.

Vi introduserer difor UNG/Økonomi som er klippekort for kr 1200 for 10 klipp (normalpris kr 1700) og månedsabonnement til kr 595 (normalpris kr 895).

Er du 23 år eller yngre, er dette prisalternativet for deg.

Har du ein utfordrande økonomi for tida grunna arbeidsløyse, er student, aleineforsørgar, eller er ufør, ta kontakt med meg der du kort forklarer din situasjon. Du kan ta kontakt både på e-post post@yogano.no og telefon 47386097. Kommunikasjonen blir sjølvsagt mellom oss.

Ta kontakt med meg før du kjøper Ung/Økonomi.

Det er viktig å presisere at det ikkje kan handle om prioriteringar, og at ordninga er behovsretta. Får ein betre økonomi og kan betale normalpris, må kunden ta kontakt. Eg stolar på at det er eit system som vil fungere fint! :)

UNG/Økonomi kjem til sals på nettsidene våre 12. august.

Håper dette kan vere med på å gjere Yogano tilgjengeleg for enda fleire!

Beste helsing Linn

Featured Posts
Recent Posts

© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com