Velkomen til ein ny yogahaust!


Sommaren er framleis ikkje heilt over, men vi er snart klare med hausttimeplanen med mange fine drop-in timar og nye kurs. Her er det yoga for alle, både nybyrjarar og dei som har erfaring med yoga og har ein jamleg praksis.

Nytt av hausten er dei opne drop-in timane Jivamukti og pilates. Jivamukti er ei fysisk vinyasabasert form for yoga som kanskje passar best for dei som har praktisert yoga tidlegare og kjenner vinyasa frå Flyt-timane og Ashtangatimane. Pilates er ei treningsform som passar for alle der fokus er på å styrke muskulaturen, spesielt kjernemuskulatur.

Vi tilbyr fire kurs frå august:

"Nybyrjarkurset" - som gir ei grunnleggende innføring i yoga og førebur deg til dei opne drop-in timane.

"Yoga for stive karar"- Ein time kun for menn.

"Yoga 60+" - Eit kurs for dei som er over 60 år og ønskjer ei litt rolegare tilnærming til yoga med tilpassa øvingar.

"Medisinsk yoga" - Eit kurs der øvingane er sittande og liggande der fokus er å løyse opp i stiv muskulatur, pust og avspenning.

Er du nysgjerrig og vil lese meir om dei ulike timane og kursa, finn du meir informasjon her:

Timebeskrivelsar: www.yogano.no

Kurs: https://www.bygdeyoga.no/prisar-og-medlemskap (skroll på lista og trykk på det kurset du vil lese meir om)

Her kan du sikre din plass på haustens kurs: https://www.bygdeyoga.no/prisar-og-medlemskap

Har du spørsmål til oss, må du ikkje nøle å ta kontakt med oss på post@yogano.no eller 47386097.

Velkomen til ein yogahaust fylt av energi, rørsle, pust og glede!

Featured Posts
Recent Posts

© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com