Vi opnar 15. juni

15. juni får vi endelig opne igjen og vi gler oss veldig til å møte dykk alle igjen!


Det vil vere stort fokus på smittevern, og vi har disse retningslinjene:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje kome til time.

  • Kun digital påmelding via Punchpass.

  • Generelle råd om hånd-/hostehygiene blir fulgt. Ved inngangen finn du antibac. Du må også vaske hender før og etter time på eit av våre toalett. Papirtørk.

  • Begrensa antall deltakarar per time. Plasser matta di på oppmerka plassar slik at det er minimum 1 meter mellom alle.

  • Utlånsutstyr er ikkje tilgjengeleg, så ta med eiga matte og anna utstyr som du har behov for.

  • Kom presis til timen, unngå samankomst i venteområdet og hald 1 meter avstand. La alle få kome ut fra time før du går inn.

  • Ekstra fokus på reinhald, dørhandtak og berøringsflater blir vaska mellom kvar time.

  • Ingen servering av te, ta med vatnflaske eller kjøp flaskevatn hos oss.

  • Det er dessverre ingen fysiske justeringar frå yogalæraren i smittevernperioden.

Vi gjer merksam på at det kan kome endringar iht. smittevern.


Velkome tilbake, vi ser fram til mange gode yogaøkter saman!


Featured Posts
Recent Posts

© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com