© 2023 by Powerhouse Fitness. Proudly created with Wix.com

 
 
Vis omsyn
  • Kom i god tid før timen startar, gjerne 10 minutt før.

  • Vil du skifte, kan du bruke garderoben. Heng frå deg jakker og klede i garderoben eller i gangen. Verdisaker kan du ta med inn i studio. Vi har bokser som du kan legge disse i. 

  • Skru mobilen på lydlaus, og hald støynivået nede når du oppheld deg utenfor studioet.

  • Nytt gjerne tida før timen til å lande og finne ro. Legg deg gjerne ned på ryggen på matta. Kjem du like før timen startar, listar du deg inn og finn ein plass.

  • Ver tilbakehalden med bruk av parfyme før klassen. Det kan forstyrre andre deltakarar.

  • Sei alltid frå til instruktøren om du har skader eller plager som det må takast omsyn til. Ved graviditet er det enkelte stillingar ein bør unngå eller modifisere, så gi beskjed om dette.

  • Det viktigaste av alt er å vise omsyn til deg sjølv og din eigen kropp. Dagsform og yteevne varierer frå dag til dag. Lytt til kroppen og aksepter dine moglegheiter og begrensinger.

Klede

Kle deg i behagelige klede som ikke hindrar bevegelse. Eit par tjukke sokkar og ein genser er fint å ha med til å ta på under avspenning.
Ta av briller, store klokker og smykker.

Utstyr

Yogano har matter og anna utstyr til alle å låne ut. For dei som praktiserer jamleg anbefaler vi å kjøpe eiga matte då matta også fungerer som ditt heilt eigne mobile treningsrom. Ta med eige handkle om du svettar mykje. Lånar du matte, skal denne tørkas over etter bruk og rullas fint saman. Tepper skal rettast fint saman og alt utstyr leggast fint på plass i hylla.

Velkomen til oss!